Den store Gatsby

· SKALDS klassikarar 第 20 本图书 · Skald
电子书
148
页

关于此电子书

Den store Gatsby tek oss med inn i ei verd av overflod, draumar og djup lengsel. Forteljaren Nick Carrawayflyttar til Long Island utanfor New York og blir dratt inn i eit liv fylt av glitter og glamour. Der møter han Jay Gatsby, ein mystisk og ufatteleg rik mann som held storslagne festar i sitt imponerande herskapshus. Men bak fasaden av luksus og lys, skjuler Gatsby lengta etter Daisy, kjærleiken frå ungdommen. Gjennom Gatsbys lidenskap ser vi korleis den amerikanske draumen kan bli eit mareritt, korleis menneske kan bli slukt av grådigskap og øydelagt av si eiga uro. Den store Gatsby er ei forteljing om knuste draumar, uoppnåeleg kjærleik, og dei mørke avgrunnane som ligg bak eittilsynelatande perfekt liv. Då romanen kom ut i 1925, vart han ein fiasko for suksessforfattaren Fitzgerald. Verken lesarar eller kritikarar sette romanen særleg høgt den gongen. Først etter at ein frivillig organisasjon delte ut gratis eksemplar av boka til soldatar under den andre verdskrigen, vaks romanen til å bli den klassikaren han er i dag, med tallause adaptasjonar, dramatiseringar og filmatiseringar. Hundre år etter utgjevinga, blir Den store Gatsby sett på som eit av deiviktigaste verka i den moderne verdslitteraturen. Han har forma biletet vårt av 1920-åra, eller det Fitzgerald sjølv kalla «jazzalderen» – ei tid fylt av fest, musikk og framtidsoptimisme, men òg depresjon, einsemd og framandgjering. Francis Scott Fitzgerald (1896–1940) er i dag blant dei mest vidgjetne amerikanske forfattarane, fødd inn i ein middelklassefamilie i Minnesota og oppvaksen i staten New York. Han begynte å skrive under militærutdanninga og ut av redsle for at han skulle døy om han vart sendt i krigen. Det vart han aldri, men gjorde i staden suksess som forfattar. Han og kona Zelda heldtein storslått livsstil, og i 1920-åra flytta familien til Paris der dei blei ein del av krinsen rundt Gertrude Stein og kunstnarane som ho kalla «den tapte generasjonen», med namn som Ernest Hemingway, T.S. Eliot, Djuna Barnes og James Joyce.
Den store Gatsby tek oss med inn i ei verd av overflod, draumar og djup lengsel. Forteljaren Nick Carrawayflyttar til Long Island utanfor New York og blir dratt inn i eit liv fylt av glitter og glamour. Der møter han Jay Gatsby, ein mystisk og ufatteleg rik mann som held storslagne festar i sitt ...

探索更多

为此电子书评分

欢迎向我们提供反馈意见。

如何阅读

智能手机和平板电脑
只要安装 Android 和 iPad/iPhone 版的 Google Play 图书应用,不仅应用内容会自动与您的账号同步,还能让您随时随地在线或离线阅览图书。
笔记本电脑和台式机
您可以使用计算机的网络浏览器聆听您在 Google Play 购买的有声读物。
电子阅读器和其他设备
如果要在 Kobo 电子阅读器等电子墨水屏设备上阅读,您需要下载一个文件,并将其传输到相应设备上。若要将文件传输到受支持的电子阅读器上,请按帮助中心内的详细说明操作。